Fløytelåt

    Selja står saftgrøn og sevjemjuk,
    kvistfri og ferdig til fløytebruk
    for hage smågutehender.

    Tonen kjem smygande, mjuk og var,
    aukar i kraft og fær døyvde svar
    langt borte frå andre grender.

    Solgylt og djup med ein eim av vår,
    slørd som i lengt og vemodig sår
    han skiftande stig og bårar.

    Gåta om livet ligg løynd der i
    jordbundne krefter som gjer seg fri,
    løyst ut gjennom tusen vårar.

    Småfuglen tagnar i skogen då,
    undrande sit han og lyder på
    og gløymer seg lange stunder.

    Barnet som stabbar i garden lær,
    undrar seg på kva vel dette er
    for spelande, blankt vedunder.

    Frostvar på tun står ein gamal mann,
    minnest den gongen då ogso han
    sprang berrføtt i fjell og finne.

    Tonane leikar i hugen hans,
    augo står fjerne med dimslørd glans
    mot barndommens bleike minne.

    ()