Tirna Noir

 (Kolbein Falkeid) (D)
Det e svart november havet knuse mot strand
ein forliste drøm fra et sommar-grønt land.
Men eg huske endå vakre Mary McKear
longt vest i Tir n’a Noir.
Va du drøm? Va du te’? Va du hud? Va du blo’?
Eg kan hørra deg le. Eg kan huska eg lo.
Bakom horisontar så forvitra og glir
E du mi, mi Mary McKear.

Når min rusne kropp går i bakkane tungt
høyr’ eg noke hviska bakom vintrane ungt:
Kom tebake, venn, ifra kneiper og svir.
Kom igjen te’ Tir n’a Noir.
Kom te hud. Kom te sinn ifra alt som e grått.
Eg skal stryka ditt kinn, gjøra blikket ditt blått.
For bak horisontar så forvitra og glir
E eg di, di Mary McKear.

Så når kvelden komme og eg stilt går ombord,
og min livbåt blir låra i seks fot med jord,
seil’ eg vest i havet te’ Mary McKear,
i det grønne Tir n’a Noir.
Te’ drøm og te’ kinn og ein himmel av trøst
kor allting e sinn og eg høyre di røst:
Horisontar fins’kje, alt du tar på forblir.
E eg di, di Mary McKear.