Vi Skal Ikkje Sova Bort Sumarnatta

 (Aslaug Låstad Lygre) (Am)
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra i saman ute
under dei lauvtunge tre,
under dei lauvtunge tre.

Då skal vi vandra i saman ute,
der blomar i graset står.
Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
som kruser med dogg vårt hår,
som kruser med dogg vårt hår.

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen
og grashoppespelet i eng,
men vandra i lag under bleikblå himlen
til fuglane lyfter veng,
til fuglane lyfter veng.

Og kjenne at vi er i slekt med jorda,
med vinden og kvite sky,
og vita at vi skal vera i saman
like til morgongry,
like til morgongry.